Folk og fylkefør og no. Historieseminar

Dato og sted

Dato: 
Onsdag, september 18, 2013 - 09:00
Addresse: 
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Sogndal
Sogndal
I 2013 feirar Sogn og Fjordane fylkeskommune 250 år, og i høve jubileet byd Høgskulen i Sogn og Fjordane inn til eit seminar som skal kaste lys over den nyare historia til fylket. Innleiarane er alle knytte til prosjektet Sogn og Fjordanes historie, som no er under skriving.

To av foredraga vil sjå særskilt på tilhøve som gjeld forvaltning og styring i fylket. Anders Timberlid vil dra nokre lange linjer i utviklinga i amtsmannsembetet og spørje både kvifor det var mogleg å flytte embetet frå stad til stad dei første hundre åra og kvifor forvaltninga av fylket har vore fast på Leikanger sidan 1862. Hege Roll-Hansen vil gå inn i det som gjerne blir kalla «stortida for fylkeskommunane» etter 1964, og vil mellom anna gje døme på at det kan vere krevjande å sameine ulike forståingar av kva som er ei best mogleg demokratisk styring med krav til effektiv tenesteyting og konsekvent sakshandsaming. Dei to andre foredraga dreg linjer vidare ut i det samfunnet som fylkesforvaltninga skal tene. Harald Krøvel ser på tilhøvet mellom folk og styrande på 1600- og 1700-talet, og stiller mellom anna spørsmålet om folk i Sogn og Fjordane var meir opprørske eller meir lydige og ettergjevande enn allmugen andre stader. Oddmund L. Hoel vil ta for seg tilhøvet mellom politiske val og kulturelle særdrag ved fylket i tiåra fram mot andre verdskrigen. Også for han blir eit viktig spørsmål i kva mon mønstra i Sogn og Fjordane skil seg frå det ein kan sjå andre stader.

  • PROGRAM

 

·         09.30. Kaffi

·         10.00: Rektor Åse Løkeland: Velkomsthelsing.

·         10.05: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes: Fylket og historia.

·         10.15: Harald J. Krøvel: Opprørske eller disiplinerte bønder?
Forholdet mellom styresmakter og allmuge i Sogn og Fjordane på 1600- og 1700-talet.

·         11.15: Anders Timberlid: Kaupanger, Bergen og Leikanger – eit embete på vandring.

·         12.15: Lunsj. 

·         13.00: Oddmund Løkensgard Hoel: Den tvitydige moderniseringa; politikk og kultur i Sogn og Fjordane
fram til andre verdskrigen.

·         14.00: Hege Roll-Hansen: Den moderne fylkeskommunen mellom demokrati og byråkrati.

·         15.00: Ola Svein Stugu: Innleiing til sluttdiskusjon: Sogn og Fjordane som unntaksfylke?

·         15.30 Slutt.

Site developed by S. M. Bjørklund