Meld inn arrangement til jubileumsprogrammet!

Alle som har planar om arrangement i 2013, kan få arrangementet med i jubileumsprogrammet! Det kan gjelde konsertar, teateroppsettingar, festivalar, utstillingar, møte og konferansar.

Dersom ein blir ein del av jubileumsprogrammet, vil arrangementet bli presentert i kalenderen og programoversynet på www.sfj250.no og ein kan bruke jubileet sin logo i si marknadsføring.

Vilkåret er at arrangementet kan knytast opp mot jubileet i si form og innhald og at det gjerne er lagt inn noko ekstra for å markere Sogn og Fjordane.

Logoen kan brukast etter godkjenning.Ta kontakt med prosjektleiar for å melde inn program eller for å få meir informasjon.

Kontakt:

Prosjektleiar Edvin Helgheim, tlf 415 34 943

epost: edvin.helgheim@sfj.no

 

Site developed by S. M. Bjørklund