Skuleressursar

Er du på jakt etter informasjon, kjelder og ressursar frå fylket sine 250 år? Det er mange nettsider der ein kan finne både bilete, artiklar, protokollar, brev, bøker, kart, forteljingar, filmsnuttar og anna som kan vere nyttig når ein skal skrive oppgåve eller jobbe med eit prosjektarbeid. Her er ei oversikt over nokre ressursar som kan vere aktuelle for skulane.

Korleis vart fylket vårt eit fylke?

Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763 og er 250 år i år. Vi feirar jubileum. Men kva var det som førte til at Sogn og Fjordane vart oppretta? Klikk for å lese meir.

Kven var Joachim de Knagenhjelm?

Joachim de Knagenhjelm var den som sørgja for at Nordre Bergenhus amt, seinare kjend som Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763. Han vart sjølv amtmann og budde på familiegarden på Kaupanger. Men kva meir veit vi om denne mannen?

Når og korleis fekk fylket namnet Sogn og Fjordane?

Amt var eit ord som vart brukt i staden for fylke. Ordet fylke vart innført i 1918, og då fekk alle amta nye fylkesnamn. Klikk for å lese meir.

Kor mange budde i Nordre Bergenhus Amt i 1810?

I folketeljinga frå 1810 er det registrert 52 601 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Her kan ein bruke søkeskjemaet for å finne ut kor mange som budde i kvar kommune, kor mange var kvinner og kor mange menn, og ein kan søke på namn, kjønn, posisjon i familien, sivilstand, yrke, fødselsår og bustad.

Her kan ein til dømes finne ut kor mange smedar som budde i Sogndal kommune, kor mange kvinner som budde i Hyllestad, kor mange som vart fødd i 1800, og kor mange som høyrde til Kaupanger hovedgård. Men på dette siste søket møter ein på ei vanleg utfordring: På den tida vart ikkje Kaupanger skrive på same måte som i dag, men som Copanger. Dette gjeld for mange stadnamn, og det er difor ikkje alltid så lett å søke opp gards- og stadnamn i dei gamle folketeljingane. Prøv å søke sjølv på Arkivverket sin nettstad.

Kven representerte fylket på Eidsvoll i 1814?

17. mai 1814 samlast 112 representantar, valde av folket og amta, på Eidsvoll for å skrive Noreg si grunnlov. Ein sorenskrivar, ein prest og ein gardbrukar representerte Nordre Bergenhus. Klikk for å lese meir.

Kven representerte fylket på det første ordinære Storting i 1814?

Kjelder:Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814 – representanter, Store Norske Leksikon

Kor mange emigrerte til Amerika?

4. juli 1825 gjekk det første skipet med emigrantar frå Stavanger til Amerika. 14 år seinare, i 1839, flytta han som vert rekna som den fyrste emigranten frå Sogn og Fjordane, Per (Peder) Ivarson Undi frå Vik. Les meir om dei første emigrantane, om kor mange som utvandra, om reisa over havet og om breva som vart sendt fram og tilbake mellom Sogn og Fjordane og Amerkia.

Kor mange amtsmenn/fylkesmenn har Sogn og Fjordane hatt?

Joachim de Knagenhjelm var den første. Anne Karin Hamre er den sitjande. Men kor mange amtsmenn/fylkesmenn har vi hatt gjennom desse 250 åra? Klikk for å lese meir.

 

 

Site developed by S. M. Bjørklund